Med Sult bringa Hamsun ein karakter inn i norsk litteraturhistorie så anonym at han ikkje ein gong har eit namn me kan assosiera han med. Eg trur detta var eit bevisst val. Det er snakk om ein modernistisk roman, med «det ubevisste sjeleliv» i fokus. Eg-personen i Sult er berre halvvegs til stades i det han gjer. Trass i alle særeigenheitene hans er han så anonym at det er vanskeleg for lesaren å setja fingeren på han. Ikkje fordi han gjer lite ut av seg, men fordi han manglar haldepunkt i livet sitt, noko som gjer han vandrande, abstrakt, fjern og vanskeleg å kjenna seg igjen i. Det Hamsun gjer, er å bringa lesaren inn i hovudet til ein person som står utanfor samfunnet og ser inn på det, som gjennom eit vindauge. Slik blir allting sett i perspektiv. Tidlegare på 1800-talet skildra ein samfunnet inni ballsalen. Med Sult kjem ein ny type samfunnskritikk inn i litteratur-Noreg – ein ny type realisme. Ein realisme sentrert rundt eg-et. Om fattigdom og svolt, men med fokus på korleis detta påverkar sinn, psyke og åndsliv. På mange måtar trur eg Hamsun heilt bevisst kritiserte den rådande realismen, og korleis han ikkje makta å fanga opp dei faktisk reelle problemstillingane omkring sjølvet. Blant anna er eit aktuelt spørsmål det om identitet – og kva viser vel ikkje meir til identitet, enn nettopp eit namn?
I Sult er handlingsreferatet flatt, det er korkje bratte spenningskurver eller noko utprega klimaks, og karakteren har ein veldig monoton kvardag. Hovudpersonen og forteljaren går over nesten 150 sider rundt og er svolten i gatene i Kristiania. Han har dårleg råd, han er fattig, han er mentalt ustabil og han føler seg einsam i vandringa si. Han oppfører seg på ein måte dei fleste nok ville syns var upassande om dei møtte han ute på gata sjølv. Alle andre – slik me ser det frå hans auge – ser ut til å ha god råd, lykkelege liv og kvardagar fulle av meining. Fattigdomen og svolten bringer fram eit slags overdrive satirisk blikk på tilværet hjå denne namnlause eg-personen me blir så godt kjend med. Han er for utilrekneleg til at me skal klara å relatera oss til han, men han kjem med altfor gode argument til at me skal klara å ignorera han, og fortsetta likt med livsførslane våre. «Disse mennesker jeg møtte, hvor let og lystig vugget de ikke sine lyse hoder og svinget seg gjennem livet som gjennem en ballsal! Det var ikke sorg i et eneste øie jeg så, […] ikke en liten hemmelig pine i nogen av disse glade sind.» (Sult, s. 17) – me kan jo, for all del, klaga på denne negativiteten, på korleis dette eg-et ikkje klarer å akseptera andre menneske si lykke, men så har me jo heller aldri opplevd å gå svoltne rundt i Kristiania.

Det er lite eller ingenting ekstravagant som hender, ingenting som tilsynelatande tilseier at historia til denne namnlause mannen villa ha utgjort ein god roman. Og det er forståeleg at nokre kan koma til å seia at boka er kjedeleg, at den er langdratt og at den manglar substans, men eg vil motargumentera med påstanden at er det noko Sult ikkje manglar, så er det substans.
Knut Hamsun konstruerte ein karakter som skulle belysa alt det me fornektar i oss sjølv. Det såg dei ut til å lika rundt hundreårskiftet Hamsun skreiv i. Denne typiske «flanør»-karakteren går igjen i mange av dei litterære verka me har frå denne perioden: Sartres Antoine i Kvalmen, Söderbergs Glas i Doktor Glas, Camus’ Meursault i Den framande, Hamsun sjølv sin Nagel i Mysterier, osb. I Sult er det ikkje hendingane som skal ha oppmerksemda vår, men eg-personen sine reaksjonar på dei, måten han tenkjer, reflekterer og går inn i seg sjølv, og tar med seg lesaren på vandringa. Han er ein ustabil karakter som endrar humør frå dag til dag og som fyller dagane sine med tomt tidsfordriv. Han er òg ambisiøs, han ynskjer å skriva, men fattigdomen – samfunnet – hindrar han i å lykkast i detta. På akkurat lik linje som i Sartres roman, går «kvalmen» igjen; blandinga av angst og uhag som heimsøkjer desse desorienterte karakterane: «[…] jeg følte kvalme og gik ham forbi uten å tiltale ham» (Sult, s. 27). Lesaren ender både opp med å avsky han og få sympati for han. Det er når ein skjønner at romanen må lesast, ikkje som ein forteljing eller eit breiddfullt handlingsreferat, men som ein avhandling om detta indre sjelelivet, at boka får leva ut si fulle meining.
Det er ikkje eigentleg ein byvandring som er skildra i Sult, heller ikkje kampen om å få råd til å betala leia eller å skriva ein artikkel å få pengar for. Det er ein eksistensialistisk betraktning om mangelen på haldepunkt i livet. Om å føla at alle andre har noko han sjølv lengtar etter, men samtidig føla at alle lever på ein løgn og at den einaste som ser det, er han. Den svoltne har nemleg ingenting å dekka over meiningslausheita med – ikkje pengar, ikkje ballsalar, ikkje medmenneskeleg varme –, han er ikkje berre svolten på mat. Han er tom, i konkret og overført betyding, og utover romanen freistar han å læra seg å akseptera detta. Og lesaren, som får eit innblikk i korleis det er å leva eit tilsynelatande meiningslaust liv, lærer seg simultant å setja spørsmål ved alt det me alltid har teke for gitt. Me liker litteratur som får oss til å tenkja, og som speiler oss som menneske, sjølv når det skjer så indirekte og maskert som det gjer i Sult. Så har litteraturen, igjen, oppfylt si oppgåve, og me fått opna sinna våre endå litt til.
Litteraturliste:
Hamsun, K. (2001). Sult. Gyldendal.
(Bilete henta frå http://s-u-l-t.blogspot.com/2014/01/ord-bildesjef-del-1.html)

Dette var en grundig og interessant artikkel! Jeg likte spesielt dine tanker om at romanen egentlig handler om jeg-personens reaksjoner på hendelsene, og i liten grad om hendelsene i seg selv.
Tusen takk! Ja, eg syns denne hovudkarakteren tek all oppmersemda vekk frå handlinga.
Synes du har vakre tanker rundt verket til Hamsund. Synes selv at boken var sterk og gripende da vi hovedsakelig følger hovedpersonens handlinger og indre dialog mens han går rundt utsultet i Kristianias gater. Selv følte jeg en form for desperasjonen hos hovedpersonen i hans tanker og handlinger som nesten smittet over på meg. En desperasjon over å gå rundt sulten og å føle mangel. Følelsen av å ønske seg noe og å ikke kunne få det. Frustrasjonen over å ville noe men ikke klare det.
Likte godt standpunktet i teksten din: «Det er ein eksistensialistisk betraktning om mangelen på holdepunkt i livet», som jeg føler skildrer godt verkets problemstilling.
Tusen takk! Ja, kan hende er det desperasjonen som leder han inn i denne meiningslausheita, lengselen etter noko han trur og håpar vil fylla han, sjøl om det kanskje ikkje vil det.
Spennande og fin oppsummering av boka. Kult at du har samanlikna eg-personen med andre karakterar i film/bøker. Siste avsnitt var fint oppsummert av kva boka er og ikkje er. «Det er ein eksistensialistisk betraktning om mangelen på haldepunkt i livet.» Veldig fint.
Tusen takk! Syns det er spanande å sjå raude trådar i litteraturhistoria.