Amtmannens døtre er ei bok skreva av Camilla Collett 1854-1855. Boka handlar om skjebnane til dei fire døtrene til ein amtmann, som alle endar opp ulykkelege gift. Hovudhandlinga i boka er relasjonen mellom den unge Sofie og huslæraren Georg Kold. Forviklingar mellom dei førar til at dei ikkje blir lykkeleg gift. Eit spørsmål eg stadig stilte meg, som ung kvinneleg lesar, som føre har fått mitt hjarte knust, var: Fortener Georg Kold eigentleg Sofie?
For det første, og til Kolds forsvar, så meiner eg at han i starten verkar som ein grei mann. Han blir av Collett beskrive som ein mann som eig danning, og som hadde fått ynde som vuggegave. Han reddar også Sofies barndomsvenn Lorenz Brandt frå å drukne. I tillegg kritiserte han samfunnet og dets forventning til kvinner om å skjule sine følelsar og ikkje velje kjærleiken, i diskusjonen med Fru Ramm, døtrenes mor. Georg Kold har med dette et bra utgangspunkt for å gjere Sofie lykkeleg, og eg las med glede korleis dei to gradvis forelskar seg i dei første delane av boka.
Alt vender om i annen del av boka der Georg Kold nektar for at han elskar Sofie. I samtale med sin ven Müller, seier Kold ein rekke skjebnesvangre utsegn, som Sofie tilfeldigvis overhøyrer. Dette blir eit vendepunkt i deira relasjon. Kold lyg til sin ven, og seiar: «Men forstå dog! Jeg elsker henne ikke. Det er intet, intet mellom oss.» Det kjem også frem at han før har sagt at ho var dum til Müller, samt seier seg i samtalen einig i at ho er forskrudd. Desse utsegna frå Kold meiner eg visar ein mann som ikkje maktar å stå fram med sine følelsar. Han lyg til sin ven, er uærleg, og nektar for sin kjærleik. Kva er det for ein mann? Sofie sjølv tenkjer at ho er; «Bedratt, forhånet, hennes kjærlighet gitt til pris for en fremmed, nedverdiget til et tidsfordriv!». Samt blir det sagt at ho var gjort til inkjes. Eg tilgir aldri Kold for desse utsegna. Den smerta han utsett Sofie for. Måten han med sine omsynslause ord knusar hjarta hennar. Collett forsøker å forsvare Kold. Men eg er ikkje imponert. Eg bit ikkje på argumentasjonen, om at fordi han elskar henne så høgt så seier han dette. At det er sagt for å verne sin skatt, utan at han tenkte på konsekvensane.
Av Kolds andre manglar, meiner eg at han forsøker for lite. Han forsøker etter den føregåande scenen å gi henne eit brev som ho ikkje tek imot. Etter dette avslaget forsøker han ingenting. Ingenting! På lang tid, før han etter å ha fått beskjed av Müller om at Sofie skal gifte seg med prost Rein, bestemmer seg for å gjere noko. Først blir han syk av beskjeden, før han oppsøkjer ho, og forsøker å fri. Dette gjer han på Sofies bryllaupsdag. I diskusjonen mellom dei der forviklingane blir oppklart, kjem det også fram at han ikkje tek følelsane hennar på alvor. Han har ikkje forstått kor vonde hans ord har vore for Sofie. Kold seier blant anna; «Din grenseløse mangel på tillitt bærer skylden. Mig skulde du trodd, ikke mine ord.». Eg meiner at dette reflekter store manglar ved hans personlege karakter. Å be Sofie om å ikkje stole på det han har sagt, på hans handlingar, synast eg er uhøyrd. Når ein manns tale er falsk, hans handlingar likeins, kva kan ein så stole på? Eg opplev vidare i denne scenen, at Kold gir uttrykk for å sjå ned på Sofie, og at han følar at han har ein rett til å få ho. Noko ein kan sjå i dette utsegnet: «Kall dem tilbake, disse grusomme ord, du vet ikke selv av dem, nei, du vet ikke selv av dem […]. Det er dog mitt, dette hjertet, jeg eier det med en helligere rett enn noen annen! […]». Dette meiner eg visar ein mann som ikkje maktar å sjå Sofie i heile krafta av ho sjølv.
Avslutningsvis ønskjer eg å kome meg en mogelegvis kontroversiell meining. Eg meiner oppriktig talt at Prost Rein er ein betre mann for Sofie enn Georg Kold. Ho får ein kjærleg (om enn gamal) mann som beundrar og elskar ho. Det hjelpar i tillegg på, at han er rik, ein god mann og har barn som ser opp til Sofie. I tillegg som Sofie sjølv sier til Kold: «Han holder av mig; han akter mig, og aldri vil han fornekte denne aktelse like ovenfor en annen […]». Eg meiner at Sofie kunne blitt lykkeleg i sitt ekteskap med Rein, om ho berre kunne gitt slipp på Kold. Eller, er det her min indre fru Ramm som snakkar?

For å konkludere meiner eg at Kolds største feil er 1. Å nekte for å elske Sofie. 2. Å forsøke for lite. 3. Å komme på bryllaupsdagen for å be om hennar hand. 4. Forstår ikkje den innverknaden hans ord har gjort, og han trur han veit betre enn henne. Er dykk einige? Er eg for hard og bitter, eller er Georg Kold ein tufs? Er prost Rein ein betre mann for Sofie enn Kold? Eg tar gjerne ein diskusjon på det i kommentarfeltet!
Referanseliste:
Collett, C. Amtmannens døtre. 2021.7. Opplag. Utgitt første gang 1854-1855. Lithuania: Gyldendal Norske Forlag AS 2006.
Sidetilvising i kronologisk rekkefølgje til scenar og sitat:
123, 84, 174, 191, 193, 196-197, 197, 192, 307, 309, 308.
Berre sitat: 191, 196-197, 307, 309, 308.
Bilete er henta frå:
https://www.onlinepsychologydegree.info/psychology-of-unrequited-love/

Det er spanande at du trekk fram sitatet «Din grenseløse mangel på tillitt bærer skylden. Mig skulde du trodd, ikke mine ord». Det hadde gått meg hus forbi i eigen lesing, men det er eit sitat som gir eit svært klart bilete på kor upåliteleg og ustabil Kold er. Om ein ikkje kan stola på det ein mann seier, korleis kan ein då stola på at han kjem til å handla rett? Kold treng å jobba med seg sjølv før han i det heila kan drøyma om å bli god nok for den vise Sofie! Sjølv hadde eg i utgangspunktet ein annan oppfatning av historia – eller kanskje er eg berre meir romantikar enn det du er. Eg ynskja at Kold skulle få Sofie, fordi eg meiner at kjærleiken deira er ektefølt gjennom heile boka, og – sidan me alle gjer feil – at Kold skulle fått tilgiving for sine. Eg trur på kjærleiken, men eg trur òg på kvinna, og når du seier at Kold framstår som ein mann som ikkje maktar å sjå Sofie i heile si kraft, lokkar du ut feministen i meg. Endå eg skulle ynskje at boka hadde ei anna ending, set Collett lys på kvinna sin verdi og Kold (mannen) sine gale val og vanskar for å sjå kvinna i den fulle verdien hennar, før det er for seint – ein lærepeng for samfunnet uansett. Collett blir jo aldri utdatert!
Interessant å høyre dine tankar! Kan hende eg i mine tolkingar har for mykje fokus på å straffe Kold, og at dette går på kostnad av Sofies lykke. Eg synast det er eit dilemma, i alle relasjonar, kva ein faktisk skal akseptere. Kva er akseptabel oppførsel, og kor ille tek ein uheldig oppførsel. Om ein som meg ser på det som eit svik, som ikkje kan tilgje. Eller berre som ein midlertidig brest i Kolds karakter pressa frem av Müller. Kanskje var han ikkje modig nok til å innrømme kjærleiken. Det er interessant å tenkje seg korleis boka hadde blitt om dei to fekk kvarandre. Om det hadde gitt ein liten vond bismak i munnen, med tanke på sviket. Om aldersforskjellen mellom dei hadde blitt for meget. Eller om de hadde klart å komme seg vidare, blitt verkeleg lykkeleg. Boka hadde da kanskje vært meir enn historie der kjærleiken sigrar til slutt, og ikkje like mykje ein kritikk av samfunnet?
Hei Kristin! Tillater meg å kommentere ditt innlegg :). Jeg synes du har valgt en interessant problemstilling, som vekker oppmerksomhet og interesse. Jeg synes også, at dette spørsmålet er veldig relevant. Kanskje var Kold for kald? På den annen side: Er det ikke urettferdig mot Kold å på den ene siden klandre han for ikke å forsøke nok, for så igjen å kritisere han for å komme på bryllupsdagen? Jeg er imidlertid helt enig i at Kold ikke burde lyve. Jeg er også enig i at Sofie sannsynligvis fikk en bedre mann, men det er litt trist når ungdommen ikke får hverandre. Setningen «Eg tilgir aldri Kold for desse utsegna.» får veldig effekt. På den ene siden gjør den inntrykk, på den annen side virker det ikke som du har distanse til teksten, men det behøver man kanskje ikke ha i en blogg. Var Sofie bare et offer for alle de andre og situasjonen? Var hun varm? Det var gøy å lese teksten din. Man kan jo berømme Sofie for at hun verdsatte indre kvaliteter som hun fant hos pastoren, men hun gikk jo imot seg selv, da hun giftet seg med han. Ikke alle ville verdsatt han som var litt eldre. Hvem vet om hun ville blitt mer lykkelig med Kold eller ikke? Skulle ønske at hun klarte å følge hjerte svare «ja» til Kold på bryllupsdagen, hvis det var det hun egentlig ville. Presten hadde forstått og taklet det. Hun visste vel ikke hva hun ville eller så tilga hun kanskje ikke Kold? Veldig interessant å lese. Fint med folk som tenker selv og ikke nødvendigvis faller for romanhelten bare pga utseende eller historiens oppbygning. Kanskje Sofie fikk bety mye for mange og kjente lykke ved det. Takk for at jeg fikk lese. Mvh Ingelinn
PS! Beklager mine skrivefeil i farta.
Hei Ingelinn! Når det gjelder min kritikk av Kold sin handling på bryllaupsdagen, så meiner eg personleg at han har hatt all verdas tid på å igjen erklære sin kjærleik til Sofie. Han kunne ha fridd til ho, og forsøkt å få til enten ein ordentleg samtale med ho, eller eit nytt brev. Det har tross alt gått rikeleg med tid, mellom deira siste møte der ho ikkje tek i mot brevet, og tidspunktet der Kold får vite at Sofie skal gifte seg. Å fyrst handla når ho er lovt til ein anna. Å fyrst, sjå alvoret i situasjonen, da løpet alt er køyrt. Synast eg er alt for seint. Mogleg ein må tek meir i berekning, avstand og kor lang tid det tek for transport både av brev og personar før i tida. Men samtidig, eg står framleis på mitt med at eg meiner at han var for treg. Når det gjelder min distanse til teksten; har eg i dette blogginnlegget verkeleg nytta sjansen sjangeren «blogginnlegg» gjer oss, og gir fult og heilt uttrykk for mine personlege meningar😉 Når det gjeld eit eventuelt «ja» frå Sofie til Kold, er eg ikkje heilt sikker på om presten hadde forstått det. Det var tross alt ei anna tid, samt sjølve bryllaupsdagen. Kjærleik og ekteskap ble også, som sett gjennom Fru Ramm, forstått litt annleis enn i dag. Eg trur at om bryllaupet hadde blitt avlyst på dagen hadde det skapt skandale i bygda. Det hadde moglegvis godt seg til, til slutt, men først skapt stor skandale. Derfor igjen mitt poeng om Kold sin tregheit. Hadde han gjort noko føre, om enn berre ein uke før, så hadde det vært lettare for Sofie å si ja. Samtidig er dette noko som gjer deira kjærleikshistorie så tragisk. Dei hadde dei beste forutsetningane for å bli lykkeleg og så spolerast alt av tilfeldigheitene. Den ulykkelege hendinga, sjølve «sviket».