Erasmus Montanus: Livet mitt på Bjerget

Sjå for deg at du sit på ei lang togrute. Tidleg på turen er der er eitt stopp du alltid plar å gå av på, der du kjenner til alt og alle. Du har alle minna dine der ifrå, der er mange kjensfolk, og du veit nøyaktig kva du går til. Du er klar over at det er mange andre menneske som heller føretrekker å gå av på andre stopp, men det er kanskje litt vanskeleg for deg å forstå, ettersom ditt stopp passar deg heilt fint. Tek du deg av og til i å føle deg «betre» enn dei, som ikkje gjer som deg? Går du i forsvarsmodus, og antar at desse menneska trur dei er betre? Lurer du på kva i alle dagar det kan vere med stoppet ditt som gjer at andre ikkje vel å gå av ilag med deg?

Då me tidelegare i haust las Erasmus Montanus, kjende eg med ein gong ei forståing og ein relasjon til verket. Eg relaterte fordi det kjenst ut som om eg har ein fot i kvar verd: Rasmus si verd, og alle på Bjerget si verd. Eg er oppvaksen i ei kjempelita bygd, men har no flytta ut og bur 11 timar vekke. Eg trur eg er like glad i den trufaste bygda, som er så føreseieleg og konstant, som eg er i det nye, blanke og ukjende bylivet. Likevel har skiftet frå bygda til byen skapt ei lita identitetskrise i meg. Heime var eg attkjenneleg ut ifrå kven besteforeldra og foreldra mine var, og kva bygd eg var ifrå. I ny by hadde eg ingen å referere til, og eg kunne plutseleg vere kven som helst. Det var like skummelt som det var spennande.

Ting gror fast om ingen nye endringar kjem til. Det kan vere både fint og dumt. Det kan skape tradisjonar og tryggleik, men kan også stå til hinder for nødvendig vekst. Personleg er eg eit tradisjonsmenneske, og eg likar å ha visse ting slik eg er vande med å ha dei. Så, lik som folk flest, kan eg la meg irritere når eg blir utfordra på desse felta. Så å vere open og gje endringar ein reell sjans er noko eg veit eg bør, men som eg alltid kjem til å måtte jobbe med, og eg merka dette spesielt for nokre år sidan.

Eg flytta ut på hybel for å gå på vidaregåande veka etter eg fylte seksten. Eg likte det og syns det var spennande, men eg reiste heim kvar einaste helg, sjølv om det tok over seks timar med buss kvar veg. Då eg flytta heim til heimkommunen min etter to år på vidaregåande for å gå på påbygg, følte eg meg endeleg heilt tilfreds. Eg slo meg fort til ro i mine gamle mønster, og følte at eg endeleg kunne slappe av. Med dette kom realisasjonen om at eg kjente meg heilt lik som då eg var seksten år. Eg såg på bilete frå den tida og anerkjente at eg hadde forandra meg smått i utsjånad, men eg visste at ting eg sa eller gjorde på den tida kunne eg like gjerne ha sagt eller gjort som attenåring også. Eg kjende meg brått litt småstressa, for så lenge eg kan hugse har eg alltid sett på versjonen av meg sjølv nokre år fram i tid som ein mykje meir moden og «ordentleg» person, og eg innsåg at eg aldri kom til å bli den personen. I alle fall ikkje om eg vart verande i dei same traktene.

Eg har alltid drøymt om å gå på universitet og å flytte langt vekk, men omtrent med ein gong eg flytta heim, var det ikkje like freistande lenger. Likevel sa noko i meg at dette var noko eg måtte gjere, og dersom eg ikkje gjorde det no, kom eg aldri til å gjere det. Det var jo tross alt ein del av meg som stadig var litt ueinig i dei kontroversielle meiningane ute på bygda. Eg stilna som regel til då samtalane omhandla «upopulære» tilflyttarar til kommunen, «hyttefolka» frå Bergen, vitsar om ulike grupper menneske etc. Dette var ting eg visste eg ikkje likte og som eg ikkje kunne ha forsvart. Eg syns det var feil at me reiste inn til byane for å feire 17. mai og for å gå på bar med haldningar som at folk ifrå byane er snobbete. Så klart, eg kunne forstå kvifor desse haldningane vart til, spesielt då folk frå byane kom heim til oss på bygda og kritiserte det dårlege utvalet i butikkane våre, at det er ingen kiosk på bensinstasjonane, og alle dei gongane fotballag aldri møtte opp på heimekampane våre. Dette irriterte meg også, for eg er jo kjempeglad i dei «gode» sidene ved å vakse opp der heime. Men eg kjente likevel ei trong til å ta avstand frå desse haldningane eg kjente på, som eg visste eg sjølv ikkje hadde dyrka. Eg var sterkt påverka, og alle meiningane mine hadde eg blitt fortald av andre.

I scene to i tredje akt av Erasmus Montanus seier Jesper til Rasmus: hør min kjære monsieur Montanus Berg, jeg har hørt at lærde folk skal ha så underlige meninger. Denne entreen kjenst det ut som om eg også får, nokre gongar. Då eg bestemte meg for å søkje på universitet i Kristiansand rundt juletider det året eg budde heime, trur eg dei fleste i kretsen min forstod det, på sett og vis. Eg var lenge kjend som «den jenta» som kunne engelsk og som brydde seg om utanlandsk politikk og slikt. Engelsk vart min latin, og sjølv om eg ikkje var i nærleik av Rasmus si trong til å formidle dette ukjende språket, veit eg at folk sleit litt med å forstå nødvendigheita med å kunne det i dei grader som eg gjorde.

Misforstå meg rett, eg har ein vanvitig støttande og forståande familie og vennekrets, og eg har eit stort nettverk. Dette er menneske som berre vil meg vel, og eg merka at mange syns det var ein tung vår og sommar før eg skulle flytte. Sjølv var eg utruleg lei meg, redd og engsteleg då det nærma seg, og den fyrste tida i ny leilegheit ilag med framande menneske i ein ny by, gav meg kjensla av å vere heilt åleine i den store verda. Til tross for dette visste eg inst inne at eg hadde gjort det einaste rette for meg på det tidspunktet, og det innsåg eg relativt fort. Det meiner eg framleis den dag i dag.

I motsetning til Rasmus, blir eg ikkje tvungen til å teie om ting eg har funne ut av eller opplevd når eg reiser heimatt. Men så er det jo ikkje revolusjonerande vitskapsfunn eg kjem med, heller, som at jorda eigentleg er rund. Likevel kjenner eg meg att i kjensla av at ting eg seier ikkje alltid set særleg spor. Eg merkar at vennane mine prøver så godt dei kan å hengje med på kva eg heldt på med på studiet mitt, og det set eg veldig stor pris på. Eg er ein av svært få som har gått på universitet av vennekretsen min heime. Men om eg nemnar med eit sukk at eg har mykje arbeid eller høgt studielån, får eg som regel høyre at det er mi eiga feil eller at det er nokså vilt å betale så dyrt for ei utdanning ein ikkje treng eingong. Heime lev ein fint med å ta fagbrev, for så å bli i same bedrifta i fleire tiår. Dette har også freista meg ein god del gangar når heimlengselen har blitt for stor, eller når eg har vore heime ein periode og det er på tide å reise ned igjen til Kristiansand.

Eg trur eg treng begge deler. Eg treng både Bjerget, men også København. Eg treng nedteljinga på mobilen min til kor mange dagar det er til eg skal reise heim igjen for å kunne ha det kjekt og leve livet i byen. Eg treng å tvinge meg sjølv til å vere litt ustø og ukomfortabel i ein ukjend by for å bli trygg. Eg er nøydd til å sitte eit par ekstra stopp på toget for å bli den eg treng å vere. Heldigvis for meg er ikkje livet ein einvegsbillett.

Litteraturliste:

Holberg, Ludvig, Erasmus Montanus, eller Rasmus Berg: comedie udi fem acter (1731). Bergen, Vigmostad & Berge, 2007.

Bli med i samtalen

4 kommentarer

  1. Hei! Så flott og personlig blogginnlegg! You had me at «Hello».
    Allerede fra starten din «forestill deg at…» så inviterer du leseren inn til å se for seg ei kjent situasjon de fleste sikkert har vært borte i – en trygg og kjent holdeplass. Jeg tar meg i og bli mer nysgjerrig over hva mer teksten vil fortelle. For er det best i byen eller på Bjerget? Synes du har gode eksempler fra både Erasmus Montanus og eget liv og en fantastisk avslutning med at du prøver å få litt av begge verdenene og er glad du ikke har enveisbillett! Takk for en fin leseropplevelse!

    1. Hei! Tusen takk for så fin kommentar, det set eg kjempestor pris på.

      Du stiller eit godt spørsmål. Eg er også veldig nysgjerrig på kva som er best mellom Bjerget og byen, men eg er redd eg ikkje finn ut av det med det fyrste. I innlegget mitt byrjar eg på ting som eg på ein måte ikkje fullfører eller kjem tilbake til seinare i teksten, og det innsåg eg då eg las gjennom før eg leverte. Likevel syns eg det representerte meg og livet mitt litt (utan at dette skal bli ei stor, flau klisjè), og minnar meg om den konstante ueinigheita, og alle ‘pros and cons’ eg konstant ramsar opp for meg sjølv, som eg ikkje heilt klarer å dra ein konklusjon mellom. Det er kjedeleg å sei, men eg trur eg berre må vente og sjå med kva eg vel til slutt 🙂

      Tusen takk!

  2. Hei! Det var veldig gøy å lese teksten din. Introduksjonen trakk meg allerede inn og fikk meg til å ville vite mer.
    Det var flere steder jeg fant meg selv, for eksempel når det kommer til den indre konflikten med å være hjemme med familie og venner og samtidig å ha nye erfaringer og lære av dem.
    Jeg syntes det var flott at du relaterte teksten til dine egne erfaringer. På samme måte som din opplevelse av livet på landet eller i byen, beriker litteraturen oss med ting vi allerede vet så vel som nye og ukjente.

    1. Tusen takk! Så snilt av deg å sei, og godt å sjå at det er fleire som kan relatere. Det set jo berre lys på kor tidsaktuell Erasmus Montanus framleis er, sidan me alltid kjem til å lære nye ting som kan vere vanskelig å godta med det fyrste. Takk!

Legg igjen en kommentar