I fjor haust var eg på eit spennande foredrag haldt av tidlegare stortingspolitikar Jette Christensen. Foredraget handla om den skumle utviklinga ein ser der demokratia i verda er under press. Då eg satt der vandra tankane mine til det kjente ordtaket om at i krig er sanninga det fyrste offeret. Ein kan sei at det no føregår ein krig mot demokratiet. Dette såg me til dømes i 2021 då tilhengarar av valtapar, Donald Trump, storma den amerikanske kongressen (Hotvedt, et al., 2022). Hadde Morlille frå komedien Erasmus Montanus vore ein amerikansk statsborgar, ville nok også ho trudd på det «stolne valet».
Erasmus Montanus handlar om bondeguten Rasmus Berg som er kome tilbake til heimbygda si etter å ha studert i København. Den tidlegare Rasmus Berg vil no bli omtalt som Erasmus Montanus. Han opptrer hovmodig ovanfor familien sin og bygdefolket. Det er interessant å sjå kor lett Erasmus overtaler dei ulærde i bygda om absurditetar. Som ein ser under treng han ikkje ei gong å bruke logiske slutningar for å overtyda mora si:
Montanus. Morlille, jeg vil giøre jer til en Steen.
Nille. Ja snak, det er end meere konstigt.
Montanus. Nu skal I faa det at høre. En Steen kand ikke flyve.
Nille. Ney det er vist nok, undtagen man kaster den.
Montanus. I kand ikke flyve
Nille. Det er og sant.
Montanus. Ergo, er Morlille en Steen
Nille græder.
Montanus. Hvorfor græder Moorlille?
Nille. Ach jeg er saa bange, at jeg blir til Steen, mine Been begynder alt at blive kolde (Holberg, 1996, s. 34).
Erasmus uttaler seg med sjølvsikkerheit og har i motsetning til Morlille blitt utdanna. Ho har difor ingen grunn til å tvile på påstandane han kjem med. Ein finn Erasmus og Morlille overalt i samfunnet vårt. Nokon som utnyttar ein maktposisjon og andre som ser på seg sjølv som mindrevitande. Når ein presidentkandidat påstår at valresultatet var feilaktig er det difor ikkje så rart at ein del veljarar kan tru på han.
Digitaliseringa dei siste 20 åra har ført til at mange er i Morlille sin posisjon. Tilgangen på informasjon er uendeleg og kven som helst kan legge ut truverdig informasjon som ein sjølverklært ekspert. Når koronapandemien herja var det mange som ikkje visste om dei skulle ta vaksinen (Dahlback & Skiphamn, 2021). På internett var fleire skråsikre med mantraet; ikkje ver ein sau. Som Morlille trudde nok mange på den falske argumentasjonen fordi den var skjult bak eit sjølvsikkert individ.
Heilt nyleg har konflikten mellom Israel og Palestina blitt meir spent og det er difor mykje mediedekning om den. På tiktok florerer det med videoar som tilsynelatande er filma i Israel. Det som er bekymringsfult er at mange av videoane er frå tidlegare bombingar i Syria forkledd som hendingar i Israel (Flem et al., 2023). På sosiale medium kan ein aldri vera sikker på kven som publiserer innhaldet. Digitale plattformar er difor det nye våpenet i krigføring og kven veit kva konsekvensar det kan ha.
Denne litt dystre bloggen skal få avslutte med eit lysare verdsbilde. Folk flest i demokratiske land stolar på statsmaktene sine. Ein har uavhengige nyheitsbyrå som framleis fungerer som den fjerde statsmakta og kjeldekritikk er på dagsorden i grunnskulen. Om eg skal snakke for meg sjølv stolar eg framleis på NRK, regjeringa og dei store ikkje-statlege-organisasjonane. Det er dei eg går til for informasjon og eg håpar det same gjeld for deg. I ein digital verd er det viktig at me held fram med å vere kjeldekritiske for å ikkje i framtida høyre oss sjølve sei «kanskje eg og er ein stein».
Litteraturliste
Dahlback, M. L. & Skiphamn, S. S. (2021, 01. oktober). Konspirasjonsteorier dominerer vaksinediskusjonen på Facebook. Faktisk.no. https://www.faktisk.no/artikler/0g4px/konspirasjonsteorier-dominerer-vaksinediskusjonen-pa-facebook?embed=1
Flem, S. S., Lønrusten, K. G., Lindin, I. K. & Akerbæk, E. (2023, 09. oktober). Israel og Gaza: Mange deler falske og misvisende videoer. Faktisk.no https://www.faktisk.no/artikler/z5xw8/israel-og-gaza-mange-deler-falske-og-misvisende-videoer
Holberg, L. (1996). Erasmus Montanus (6.utg.). Eide Forlag
Hotvedt, S. K., Thommessen, L. S. & Skovly, D. (2022, 10. juni). Trump tente flammen som førte til stormingen. NRK, Urix. https://www.nrk.no/urix/_-trump-tente-flammen-som-forte-til-stormingen-1.15996446

Dette var veldig interessant å lese. Du fekk fram nokre perspektiv her i forhold til dette stykket som eg ikkje har tenkt på tidlegare. I ei tid der mykje informasjon spreiast utanfor dei tradisjonelle kanalane er feilinformasjon eit viktig tema. Måten du trekker linjer frå Erasmus Montanus til saker frå vår tid viser at tematikken frå stykket framleis er aktuell i dag.