Erasmus Montanus og meg.

Timevis frå storbyen Kristiansand, ligg ein by, og eit stykkje utanfor, ut på landet ligg ei bygd. Like utanfor bygda, på tvers av ein fjord og eit hav, ligg ei bitte liten øy. Der kjem eg ifrå. På denne øya finst det ikkje allverdsens med folk. Alle kjennar til alle. Fiskarar, mekanikarar, rånare og bønder. Her er det ikkje uvanleg for bygdefolk å gjer narr av byfolk. Det er øya mi. Øya liknar på mange måtar Bjerget i Holbergs Erasmus Montanus, heimebygda hovudpersonen Rasmus vender tilbake til etter studie i København.


Då vi hadde Erasmus Montanus som pensum tidlegare i haustsemesteret, såg eg mykje av meg sjølv i Holbergs karakterar frå stykket. Mesteparten av tida i hovudpersonen Rasmus sjølv, til tross for at han, samt dei andre karakterane i komedien representerer sterke typar, karikaturar og tankemåtar satt opp mot kvarandre i komediens namn. Ein av Rasmus funksjonar i teksten, nemleg å kollidere med dei andre karakterane heimanfrå, kunne eg ikkje la vere å trekkje parallellar med mitt eige liv.


Likt Rasmus, er eg den første i næraste familie som tek høgare utdanning på universitet. Ikkje at det er noko mangel på smarte menneske på øya, det finnast bere meir «Jacobar» enn «Rasmusar» på øya. Der er det fagbrev ein sikter seg inn på for å klare seg i livet. Det praktiske trumfar det teoretiske. Kor fagspråk om mekanikk, maskineri, motorar og gardsbruk er allment, kjem plutseleg eg inn i bildet, med eit årsstudium i nordisk, studielån og ingen sikt inn i framtida. Eg flytta altså vekk frå heimen som Rasmus. Eg lengta etter å bo eit sted som ikkje var mitt livslange barneheim. Og eg har blomstra av flyttinga. Å kutta navlestrengen er noko eg ikkje har angra på eit sekund.


Til tross for dette, har eg kjent somme tider, ein kollisjon mellom bygdelivet og bylivet. Ein krasj mellom to identitetar, to tenkjemåtar. Først var det nytt og uvandt å opptre i ein storby, nye vanar, skikkar og normer som følgjer med. Språket var også uvandt, dialekter frå alle kantar av Noreg fanst på eit stad. Denne samanslåinga av røynsler tok eg med meg heim te øya, på godt og på vondt. Likt Erasmus kom eg heim med eit nytt syn på ting. Som den første universitets-studenten i min næraste familie, satt eg med informasjon og tenkjemåtar som dei andre ikkje heilt kunne relatera seg til. Eg har blitt møtt med både begeistring over kunnskap andre ikkje meistrar, men også kjensla på å vere annleis. Den unike øybuar-dialekta som eg svor til meg sjølv å ha i godt behald gjennom livet, har eg nå fått kommentarar på når eg vitjar heimen. Visse ord seier eg annleis enn eg gjor før. Så klart vender eg ikkje tilbake med eit ukjend språk som Rasmus gjer på Latinsk, men språkendringa såg eg ikkje kome.


Erasmus utviklar seg når han studerer. Eg utviklar meg når eg studerer. Han er annleis når han kjem tilbake. Eg er annleis når jeg kjem tilbake. Er eg Rasmus? Kan eg bli til det Rasmus representerer? Ein karikatur, ein type som bruker livet på logikk og teori? Eit skall bestyrt av logikkens appell til val i livet?


«Jeg har kun vært en dag fra København, og jeg længtes allerede. Hvis jeg ikke havde mine gode bøger med mig, kunne jeg ikke leve på landet.” (s. 26, akt 2)


Eg er ikkje Rasmus. Me har parallellar, men vi er ikkje like. Sjølv om eg tar med meg mye lass og lærdom frå studenttilvera mi til bygda, slik Rasmus gjer, drar eg og kjensel på det gode på øya. Kvar gong eg kjem heim, ein sjeldan gong iblant, opplev eg øya på ny og på ny. Noko eg ikkje var i stand til før. Det ligg noko praktfullt, idyllisk og gøymd på denne staden eg kallar barndomsheim. Sjølv om eg er stolt bystudent som Rasmus, er eg likevel øybuar frå ei lita bygd. Identiteten min er splitta, med ein fot i kvar ende. Til tider gjer det at eg ikkje føler meg tilstrekkeleg, uansett kva rolle eg spelar. Om det er student, øybuar el,ler bybuar. At eg alltid vil skilje meg ut kor enn eg er. Men likevel ligg det noko fint i konflikten kjenner eg. Det gjer meg verken til ein Rasmus eller ein Jacob, som er fint å vite.


Litteraturliste:

Holberg, L. (1731). Erasmus Montanus, eller Rasmus Berg: comoedie udi fem acter. Vigmostad & Berge

Bli med i samtalen

4 kommentarer

  1. Hei. Måten du tar deler av handlingen fra Erasmus Montanus og knytter den opp mot din egen reise, synes jeg er fint. Det kan ofte være interessant å ta en titt på en klassikers aktualitet i dagens samfunn. Her synes jeg du treffer spikeren på hodet. Bra jobba!

    1. Takk for fin kommentar! Ja, det er interessant og facinerende hvordan en «gammel» klassiker kan enda starte tanker, refleksjon og drøfting.

  2. Hei! Dette var gøy å lese! Kjenner meg igjen i flere av dine punkter, er selv den første universitetsstudenten i min nærmeste familie. En kulturkræsj mellom by og bygd er nok vanlig å kjenne på når man drar til «storbyen», kommer selv fra en arbeiderklassefamilie og relaterer til mye av det du skriver om. Det ligger noe allment og evig i Erasmus Montanus, som du her trekker en veldig interessant vinkling mot!

    1. Helt enig! Jeg tipper mange kan kjenne seg igjen i identitetskræsjen under studietida. Takk for kommentar!

Legg igjen en kommentar