Eg har vore fleire gongar på Island. Første gong var hausten 2006. Då vart eg fascinert av landet, både den trolske og mektige naturen og det kjekke folket, som eg tykte det var noko heimsleg ved. Det vart fleire reiser, eg har vore rundt heile kysten langs riksveg 1 og vitja spanande byer, stader og natur. Eg har ikkje vore særskilt interessert i sagaen, sjølv om den på sitt vis vart nærverande mellom anna då eg vitja Snorres kjelde, Snorralaug, på Reykholt.


Eg har og budd fleire gonger i Borgarnes, ein liten by på vestkysten. Eg fann ein overnattingsstad der som eg likte godt, med ‘heittu pottir’ og havutsikt.

Der har eg fleire gonger passert grava til Egil Skallagrimsson, utan å gje den særskild merksemd. Det kjem til å verta annleis neste gong eg passerer ho, for å lese Egil Skallagrimssons saga var noko av det artigaste eg hadde lese på lenge då me gjekk gjennom ho som pensum tidlegare i haust.

Egil Skallagrimssons saga stammer sannsynlegvis frå 8-900 talet, er munnleg overlevert og nedskriven rundt 1230. Mykje av det som skildrast frå vikingtida er seinare bekrefta av arkeologiske og paleoøkologiske undersøkingar, mellom anna vaks der faktisk bjørkeskog i låglandet på Island i mellomalderen, noko som også er skildra i sagaen.
Historia startar i Noreg, Harald Hårfagre er konge og Kveldulv og hans familie kjem i unåde etter drapet på Skallagrims bror Torolv, begge søner av Kveldulv. Dei hemner drapet, slik skikken er i denne tida, og må difor flykte frå landet. Dei seglar nordvest, hamner i Borgarfjord og finn det høveleg å ta land der. Fleire kjem til og velstanden blomar, ikkje minst etter at dei drar i viking både sør og aust.
Ei plyndrehistorie er særs morosam og fortel om æres-omgrepet deira. I Kurland (eit av fire historiske landskap som i dag utgjer Latvia) gjer dei landgang og set seg føre å plyndre ei grend dei kjem til. Dei som bur der flyktar og Torolv, Egils son, og hans menn gjer retrett, men Egil og fylgjet hans tek ein annan veg. Her får dei auge på ein gard som dei plyndrar, ein enkel jobb sidan det ikkje er folk der. Men så blir dei overmanna og stengd inne medan gardsfolket festar og feirar sigeren. Egil viser her sin store fysiske styrke og klarer å bryte seg laus. Dei får og laus nokre andre fangar, plyndrar eit rikt lager og stikk. Men vel inne i skogen og fridomen seier Egil: «Som uslinger går vi fram, og ikke som hærmenn. Her har vi stjålet bondens gods uten at han vet noenting om det, – men den skammen vil vi ikke ha sittende på oss! La oss nå dra attende til garden og gjøre dem saken kjent!» Egils menn ville ikkje vere med på det, men han drar åleine attende, set garden i brann og alle som var der og festa strauk med. Ein kan hevde at denne og liknande historier er særs framande for vår kristne kultur, her bryt han med minst to av dei ti bod, samt ein av dødssyndene i det at han er så grådig. Men makt og materiell vinning er vel og drivkrafta i dagens ufred og krigar?
Når dette er sagt er det naudsynt å leggje til at eg sjølvsagt ikkje likar verken drap, valdtekt, ran og all faenskapen dei tok seg til når dei for i viking, ein kan jo stå i fare for å bli oppfatta slik når ein synest dette er artig, men var dei verre enn dagens illgjerningsmenn?
Eg likar også særs godt at i denne sagaen er det bønder eller ‘vanlege’ folk som er heltar, ulikt kongesagaene. Rett nok har ‘den øvre’ bondestanden trælar under seg som ikkje var verdt stort, men det er i alle fall ikkje konge- og overklasse som portretterast, sjølv om vikingane vart særs rike etter røvartoktene sine. Egil var forresten gjerrig, han ruga på verdiane sine og grov dei ned då han nærma seg slutten av livet slik at ikkje arvingane hans skulle nyte godt av dei. Han vert også beskriven som aggressiv og farleg. Av utsjånad var han ikkje noko særskilt for auget, han skildrast som stygg, men og uvanleg stor og sterk. Han vart tidleg talefør med ei stort ordforråd og dikta sitt første skaldedikt allereie som treåring. Diktergåva vart han skjenkt av Odin, i følgje dei første strofene i Sonnatorek, sørgjediktet han dikta for sine to daude søner.
Ei gild historie som kan illustrera diktergåvene hans er då han vart tatt til fange av Eirik Blodøks, som ville hemna frendar og slekt som Egil hadde drepe, gjennom å la Egil bøte med livet. Egils ven, Arinbjørn, bad for livet hans og fekk ei natts utsetjing. Denne natta nytta Egil til å dikte eit langt hyllingsdikt til Eirik Blodøks. Dette diktet er på enderim og nokre ekspertar meiner at det neppe er Egil som er forfattaren, men han kan jo ha vore ein av dei første som nytta denne forma. Okke som; det berga i alle fall livet hans!
Elles er forteljarstilen i Egils saga prega av ei rett-fram skildring med lakoniske kommentarar i dramatiske situasjonar. Til dømes så seier Egils bror Torolv idet han drep mannen som står like framfor Harald Hårfagre: «Nå gikk jeg tre fot for stutt!». Kjensler beskrivast ikkje direkte slik me gjer i dag, men då Torolv vart drepen i eit slag så såg Egil slik ut; «Og som nå Egil satt der, som før fortalt, da dro han ene brynet ned på kinnet, det andre opp under hårroten. Drikke ville han ikke, alt det de bød, satt der bare og skjøt brynene skiftevis opp og ned.» Ei fortolking av dette er jo då at han sat og gret eller kjempa med tårane.
Ein ting er sikkert, neste gong eg er i Borgarnes kjem eg til å sjå med andre auge på grava til Egil Skallagrimsson når eg gjeng forbi😊
Kjelder:
Egil Skallagrimssons saga (1951). Aschehoug klassikere
https://no.wikipedia.org/wiki/Kurlan
Kari Vik
