Kvifor er status viktig for hovudpersonen i Sult? 

“Det var i den tid jeg gik omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den…” 

Slik lyd fyrste setning i Knut Hamsuns Sult. Ei bok som delvis er inspirert av eigne erfaringar tidlegare i livet. Det vert etablert med ein gong at handlinga går føre seg i ei vanskeleg tid med lite peng og mat. Hovudpersonen er namnlaus gjennom heile boka, noko som gjer denne karakteren anonym og mystisk. Han blir litt som jenta med svovelstikkene, utan namn, men stakkarsleg. Ein karakter eg som lesar får lyst til å hjelpe. 

Hovudpersonen går og går og går, for å få dagen til å gå over litt raskare. Han blir aldri ståande for lenge på same sted og han likar ikkje om folk snakkar til han. Han blir lett fornærma fordi han trur folk har medkjensle for han. Ein kan tru at han som har lite peng og går rundt å svelt, ville tatt i mot mat eller anna velgjerd, men nei. 

Fleire gongar i boka motstår hovudpersonen å få hjelp eller godar av andre. Eit tilfelle er når han møter ein gamal kjenning som han reiser på kafé med. Han tilbyr kjøpe middag, men det takker han nei til. Han skal ikkje ha noko, og prøver å framstille seg sjølv som mett og fornøgd. Eit anna tilfelle er i ein forretning der han skal kjøpe eit stearinlys og får for mykje pengar tilbake. Han blir nesten fornærma av det sjølv om det berre va ein feil frå kjøpmannen, men hovudpersonen går tilbake og kjeftar på kjøpmannen.  

“Vet De da ikkje at eg har snytt Dem? Sier jeg utålmodig, og eg puster hæftig, sjælver , er færdig til å bruke magt hvis han ikkje straks kommer til saken.”   

Hovudpersonen er nokså hissig mot kjøpmannen for at han gjorde denne feilen. Denne scena seier ein del om korleis denne karakteren er. Hovudkarakteren er ein mann som verdset rettferdigheit og ærligdom. Status som ein «ordentleg» mann av samfunnet verkar som ein av hovudpersonens drivkraft. 

“Jeg gav dem bort til en gammel fattig kone, hver øre, måtte han vite; den slags person var eg, eg glemte ikkje de fattige så aldeles…” 

Han snakkar om seg sjølv som om han ikkje er fattig, kanskje fordi han ikkje vil innrømme for seg sjølv kva for ein livssituasjon han er i. Han vil jo gjerne vere ein vellykka skribent, og mann av samfunnet. Mot ein mann som er endå fattigare enn hovudkarakteren, står å tigger etter pengar. Sjølv om hovudpersonen berre har ein mynt igjen frå lønna han nyleg fekk, så gir han den til tiggaren og lover å komme tilbake med meir peng seinare. Han vil til og med pantsette vesten sin for å gi denne mannen meir peng. 

I denne delen av boka (scena med kjøpmannen) er det for meg det kjem sterkast fram av hovudpersonen er meir opptatt av korleis andre ser på han. Han vil utgje seg for å vere ein mann av status, og ein smarting som er litt over andre personar. Han verdsett skrivinga si høgt og taklar ikkje særleg godt avvisingar. Det er interessant korleis denne hovudpersonen i Sult lever i ei slags løgn. Han går rundt i fillete klede, kjenner på svolt og har låg toleranse for andre menneskjer. Han klarar ikkje å sjå sine eigne feil, og peikar heller ut andre sine feil. Kanskje er han så opptatt av status i samfunnet fordi han ser på seg sjølv som ein høgtståande, ordentleg og smart skribent. Han har gitt til samfunnet, og dermed forventar å få tilbake, noko han då blir frustrert over å ikkje få. Hovudkarakteren har nesten ingenting og kanskje derfor held så hardt han kan på statusen sin. 

Hamsun, Knut (1990) Sult, Den norske Bokklubben A/S

Bli med i samtalen

3 kommentarer

  1. Eg syns det er ei interessant problemstilling du trekk fram. Eg skreiv sjølv eit innlegg om Sult, men var ikkje innom temaet «status». Eg la særleg merke til at du skriv at karakteren snakkar om seg sjølv som om han ikkje var fattig, og at dette kanskje er fordi han slit med å innrømma sin eigen livssituasjon. Det er klart at romanen har menneskets psyke som eit av hovudtemaa, men for meg så handla det i fyrste omgang om «det indre sjeleliv» og ulike psykiske vanskar eller ustabilitetar. Difor syns eg det er interessant å sjå at nokon ser på det med andre auge; du ser på det psykiske i boka som noko knyta meir til det sosiale perspektivet – det er ein ny vri som opnar for ny lesing.

  2. Hei!
    Dette synes jeg var en interessant problemstilling, og du skriver godt. Når du skriver at hovedkarakteren sliter med å innrømme sin egen livssituasjon som fattig og sulten, tror jeg det er mange i Norge i dag som kan kjenne seg igjen. Vi lever i et samfunn der ulike sosiale normer setter store krav til både grupper og enkeltindivider. Disse høye kravene stiller vi oss selv også, og når man føler at man ikke når opp til disse kravene er det nok mange som fornekter sin egen situasjon og heller setter opp en «fasade» der alt ser ut til å være bra. I disse trange økonomiske tider vil nok dette treffe mange her i landet.

  3. Veldig interessant og godt skrevet innlegg. Jeg føler denne problemstillingen fortsatt er veldig aktuell i dag, og kommer sikkert fortsatt til å være aktuell i lang tid fremover. Jeg ser for eksempel veldig ofte folk som har falske merkeklær og vesker. Dette for å få det til å virke som om de har penger og en status de egentlig ikke har.

Legg igjen en kommentar