Voluspå og Kristendommen

Voluspå er eit dikt på 66 strofer frå «Den Eldre Edda», ein samling av norrøne dikt om gudar og heltar. Voluspå handlar om oppstandelsen til verda, samt om ragnarrok, verdas øydelegging samt om tida etter. Ordet «voluspå» tydar «vola si spådomm» som er ein stemme i diktet og er framstilt som ei spåkvinne som fortel sin spådomm. Eg skal i detta blogginnlegge peike på linjer som dette dikter har med den bibelske oppstandsforteljinga. For å gjere dette skal eg samanlikne viktige moment i voluspå med bibelen. Samt sjå på dei store forskjellane mellom desse.

Det finns det argument for at kristendommen kan ha påverka Voluspå med visse trekk. Sjølve diktet reknar ein med at vart laga mellom 700-800-talet i munnleg form og blei skrivne ned på 1200-talet. Akkurat kor mykje kristendommen har påverka det nedskrivne verket er vanskeleg å seie. Kristninga av Noreg skjedde ikkje på fredeleg vis, folk vart truga med våpen og vald dersom dei nekta å konvertere. Og mange av skikkane som hadde bakgrunn i Norrønt mytologi vart enten fjerna eller blei absorbera og erstatta av nye skikkar. Nokre særeigne likskap er namnet på dei fyrste menneska. Ask og Embla i norrønt mytologi og Adam og Eva i Kristendommen, begge fekk liv frå gudane eller guden. Der Odin gav pust til dei, Lode gav blod og Høne gav sjel til dei fyrste menneska som dei fant livlause på ei strand. (Voluspå, stofe 17). Gud laga det fyrste menneske Adam ut av jord og skapte han i sitt bilete, før han tok eit ribbein frå Adam og gav liv til Eva.

Ein har samt verdsbygginga der i Voluspå blir den beskriven som at verda vart tom, ingenting fantes utanom ginnunga-gapet, ei djup kløft mellom Nivlheim og Muspelheim, to plassar, der den eine vart dødsrikes nedre del og Muspelheim vart verda av lys og ild. Verda byrja når sønene til Bure byrja å løfte land opp frå gapet.

 «Fyrr Burs søner baud bøar seg lyfte, dei som Midgard mætan skapte. Sol skein sunnan på steinar i sal, då grodde grunnen med grønan lauk.». (Voluspå, Stofe 4)

Ein ser eit fokus på land og fruktbarheita til jorda, sola måtte til for at verda skulle gro noko. I neste strofe

«Sol kom sunnan, syster åt månen, slo høgre handi um himmelhestar. Sol ikkje visste kvar salar ho åtte, Måne ei visste kvar makt han åtte.» (Voluspå, Strofe 5)

Ein ser at sola og månen er framand til denne verda, dei veit ikkje sine styrkjer. Dei vart skapt og plassera i denne framandplassen, saman med stjernene. Det er ikkje før neste strofe at dei få sine namn; dag og natt, morgon, og kvelden samt år til å rekne, som blei gitt frå dei heilage gudane frå tinget. Ein kan igjen sjå kor myjke naturen blir verdsett i Voluspå, noko som vikingane også hadde stor verdi i, dei var tross alt ikkje berre krigsmenn, men bønder også.

I bibelens skapelseverk vart det lik rekkefølgje, med landet som kom fyrst og så kom lyset. I motsetting til Voluspå kom plantar, tre og andre vekstar før gun hadda skapa sola og månen. Det skjedde ikkje før den tredje dagen, for å ha skilnad på natt og dag. (mosebok 1,12) Ein kan tyde detta som at det er gud som herskar over alt, dag og natt, vekst, liv og død. Det blir satt mykje meir fokus på han som skapar ting og delegerer dei der han vill. I motsetning til Voluspå kan ein trekkje ein linje mellom naturen og solen som gir liv til graset og plantane. Naturen fungerer i ein slags symbiose, der sola og varmen påverkar livet på jorda.

Eg syns vi er heldige som har dokument som er stadfesta så langt tilbake i tida, og kan bli lest den dag i dag, og kan lese om kva som trua vart på den tida. I kor stor grad Voluspå har blitt endra på eller omskriven er nesten umogeleg å vite, enten om det vart den munnlege tradisjonen som endra det etter fleire år hundre eller om Kristendommen endra på det. Vi er framleis heldige at vi har skriftet som kjem til å bli gjenlesen og forska på i fleire generasjonar.

Kjelder

https://bibel.no/bibelen/bibelstudier/hundre-viktige-bibeltekster-1

Sturlason, Snorre 2008: Edda. Vidarforlaget, Oslo

Legg igjen en kommentar