Kan vaksne lese eventyr?

Då eg var lita elska eg når nokon fortalde eventyr for meg og systrene mine. Om tusser og troll, prinsesser og heltar – ei dyster, skummel og fortrylla verd eit barn kunne drøyme seg inn i. Men korleis er det å lese desse historiene frå eit vaksenperspektiv? Har eventyra noko å tilby oss i alle aldre? I dette blogginnlegget vil eg gjerne dele nokre refleksjonar eg fekk etter å ha lese «Prinsessa som ingen kunne målbinde».

Prinsessa som ingen kunne målbinde er eit kjent, norsk folkeeventyr, som blei samla inn og skrive ned av Asbjørnsen og Moe. Kort fortald handlar eventyret om ei prinsesse som er så fæl å stogge munnen på at faren, altså kongen, lover henne bort til den som klarer å målbinde henne. Askeladden og dei to brørne hans reiser til kongsgarden for å freiste lykka. Medan Per og Pål mislykkast, løyser Askeladden oppdraget ved hjelp av kløktig ordbruk og litt skrot han finn langs vegen.

Den store prøva i eventyret er lett å kjenne seg att i – kven veit ikkje av nokon dei synest kverulerer for mykje, eller som alltid pratar seg forbi deg som smør? I lærarjobben møter eg barn frå «forhandslingsgenerasjonen», som med lettheit snakkar deg rundt lillefingeren til du ikkje veit di arme råd. Då kan ein med skrekk og gru hugse korleis det går om ein gir etter og let seg målbinde av prinsessa: 

«Det er fælt varmt her», sa han.

«Det er varmere i glohaugen,» svarte prinsessen; der lå svijernet ferdig ventet. Da han så det, gikk det i stå for han med én gang, og så var det ute med han.

(Asbjørnsen og Moe, 1957, s. 73-74)

Det er freistande å spørje om det er eit tilfeldig høve at akkurat kvinna i eventyret skal bli målbunde. Er moralen her at kvinner ikkje burde tale så mykje, og i kvert fall ikkje mot far sin? Til å vere så god i å målbinde folk, har prinsessa overraskande lite å seie om kven ho skal gifte seg med, og blir istaden stilt opp som ei premie for den fyrste og beste som «temmer» ho. Ei slik tolkning ville ikkje sett særlig bra ut i dagens samfunn. Ulovleg faktisk. Men eg meiner ikkje vi har å gjere med eit typisk «damsel in distress». Prinsessa er ikkje ei svak kvinne som sitt fint og venter på at ein mann skal redde ho. Ho gjer motstand. Alle friarane får ei real utfordring, og det er ikkje flaks men talentet hennar i å tale som held dei på avstand. I dag som jenter går på skule og blir statsministre og sentralbanksjefar, kjem det sjølvsagt ikkje som nokon overrasking på oss at jenter også har hjerne. Det visste dei ikkje i Askelladden si samtid. 

Når Askeladden til slutt målbind prinsessa, er det ikkje fordi han er så frykteleg god til å prate, men fordi han bringar noko nytt og uventa inn i samtalen deira. Eg har av og til lurt på om prinsessa lot seg målbinde fordi ho endeleg fann ein person det var verdt å prate med. Samtalen deira blir drive fram av ved hjelp av tinga Askeladden fann langs vegen til kongsgarden: Ein daud skjæreunge, ei vidjespenning, eit skålbrott, to bukkehorn, ein blei og ei utgått skosåle. Ein masse skrot tenkjer du kanskje. Det tykte Per og Pål også:

«Fy, kast’n! Hva gjør du med den?» sa de to, som alltid trodde at de var de klokeste.

«Å, jeg har slikt å gjøre, jeg har slikt å føre, så jeg fører vel den,» sa Askeladden. 

(Asbjørnsen og Moe, 1957, s.71)

Men det er ikkje sjølve tinga som gjer at Askeladden vinn over prinsessa, men den uoriginale måten han brukar dei på. Eventyret visar korleis kreativitet, snarrådigheit og nøysomheit er gode verdiar som hjelper mennesker fram i livet. Det gir ei påminning til dagens forbrukarsamfunn om å ta vare på det ein har, og å bruke det på nye, oppfinnsame måter. Kanskje er dette noko stadig fleire nordmenn begynner å innsjå? Med aukte utgifter på både straum, drivstoff og mat blir det tøffare sjølv i eit velferdssamfunn, og det har vore mykje fokus i det siste på korleis ein kan spare nokre kroner her og der. Delingsøkonomi og skattejakt i gjenbruksbutikkar har heller aldri vore så hipt. Og bra er det, for ifølgje WWF brukte vi opp jordas ressursar for i år allereie den 2. august (Verdens naturfond, 2023). Skal vi klare å møte utfordringane frå miljøsaka har vi kanskje alle noko å lære av Askeladden?

Eventyret seier faktisk noko om korleis vi mennesker møter problema våre. Kven andre en Askeladden ville tenkt på å steike skjæra si i peisen, eller hindre ho i å sprekke ved å ha ei vidjespenning (ei halmlås) rundt? I ein moderne kvardag virkar kanskje ikkje daude fuglar, bukkehorn eller skosåler så relevante, men ein vil alltid finne noko eller nokon rundt oss som kan spele inn på liva våre. Det som betyr noko er korleis ein rår med desse for å gjere livet betre. Askeladden er optimistisk og ser mogeleigheiter der andre ser skrot. Han er av typen som ville sagt at glaset var halvfullt heller enn halvtomt. Brørne Per og Pål på den andre siden er pessimistiske, trangsynte og gjer same feil som alle før dei. Derfor går det dei ille. 

Då eg var lita var var eventyr berre spennande forteljingar. Som vaksen ser eg at dei også har eit innhald ein kan kjenne seg att i og lære frå. Av den grunn meiner eg eventyra har relevans for menneske i alle aldre, og at dei har like mykje å fortelje oss i dag som før. Kanskje er det nett difor dei er rekna for nokon av våre mest folkekjære klassikarar. 

Kilder: 

Asbjørnsen, P. C. M. og Moe, J. (1957). P.Chr. Asbjørnsen og Jørgen Moe Samlede Eventyr – annet bind. Gyldendal Norske Forlag.

Verdens naturfond (2023) Earth Overshoot Day. Hentet fra: 

https://www.wwf.no/klima-og-energi/earth-overshoot-day

Bli med i samtalen

1 kommentar

  1. Artig innlegg! Jeg liker godt at du vurderer flere mulige måter å tolke eventyret på. Akkurat som Askeladden som ser muligheter i ei kråke og vidjespenning, ser du mange muligheter i et kort og godt eventyr! Det er flott, både på et mer personlig nivå for å gjøre det beste av det man har og i et globalt perspektiv. Å ta seg tid til se hvordan man kan bruke det man har er veldig viktig i dag, selv om jeg lurer på om at det aldri har vært dumt heller.

Legg igjen en kommentar