Då eg opna opp Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter (1920) og byrja å lese ho, fekk eg same kjensla som då eg leste science fiction-romanen Dune (1965) av Frank Herbert. Handlinga til sistnemnde skjer fleire tusen år i framtida, og her blir lesaren kasta inn i ein ukjend verden der dei må pusle saman sjølv kva alle de ukjende orda betyr, og korleis verda fungerer. I dette blogginnlegget skal eg derfor skriv om korleis fyrste del av Kransen (bok ein i Lavransdatter-trilogien) gjer det same, korleis ho dreier lesaren tilbake til Noreg på 1300-talet. Eg er ikkje interessert i kor historisk riktig boka er. Det eg er interessert i er kvifor boka kjennast så riktig og autentisk. Kva for verkemiddel er brukt i boka for å skape autentisitet for lesaren?
Kva er forskjellen på nøyaktigheit og autentisitet?
Sjølv om ‘nøyaktigheit’ og ‘autentisitet’ ofte blir brukt om kvarandre, argumenterer litteraturforskar Laura Saxton (2020) for at me bør skil mellom dei. Ho skriv at nøyaktigheit i historisk fiksjon handlar om korleis innhaldet samsvarar med historisk fakta. Autentisitet er litt annleis. Den handlar om kjensla av at innhaldet er nøyaktig. Med andre ord så kan ein tekst vera autentisk utan å vera riktig, og den kan vera riktig utan å vera autentisk. Autentisitet er ein subjektiv kjensle som skapast av lesaren i deira eigen dialog med teksten.
Opninga til Kransen
Aller fyrst har me sjølve opninga til Kransen. Den er ein munnfull, men lyder slik: «Ved skifte etter Ivar unge Gjesling på Sundbu i året 1306 kom hans jordegods i Sil til datteren Ragnfrid og hennes husbond Lavrans Bjørgulfssøn. […] Lavrans var av den slekt som her i landet ble kalt Lagmannssønnene». Her får lesaren vite mykje på ein gong, viktigast av alt kven Ragnfrid og Lavrans er (som me seinare får vita at er foreldra til hovudkarakteren Kristin), og kvifor dei eig gods på Sil. I tillegg får lesaren vite at forteljinga skjer på 1300-tallet, som hjelper med iscenesettinga for lesaren.
Autentisiteten kjem til syne i korleis prosaen er skrive. Den har fleire fellestrekk med klassisk sagalitteratur. Denne litteraturen la mykje vekt på å alltid etablere kven alle karakterane var i slekt med, og ramse opp alle kjende menneske som var relatert til dei på noko vis. Viss me ser på opninga til Egil Skallagrimssons saga, byrjar den veldig likt til Kransen. «Det var en mann som hette Ulv. Han var sønn til Bjålve og Hallbera,» og så forsett den ein stund. At Kransen byrjar veldig likt til den klassiske sagalitteraturen er med på å etablere autentisitet hos lesaren. Det transporterar dei inn i den historiske konteksten der forteljinga skjer.
Autentiske ord og uttrykk
Det er ikkje berre opninga som har ein autentisk mellomalderstil. Det er fleire ord og uttrykk i romanen som ikkje er vanlege i dag, og heller ikkje i 1920 då boka blei skrive. Døme på dette er «ridderskikk og kurteisi», «ættfar», «tjenestemø» og «frender». Fleire ord er også samansetjingar som ikkje er vanlege i moderne norsk, som til dømes «barneliten» og «mannvoksen». Utanom ei liste med ordforklaringar bak i boka så er det ingen forklaringar frå forteljarstemma undervegs. Det er som om forteljaren også er frå 1300-talet. Dette gjer at lesaren må bruke annan språkkunnskap for å anta kva ord betyr, og dette bidrar til autentisiteten.
Skildringa av samfunnet
Om korleis verda heng saman, så er også innhaldet i Kransen med på å bygje autentisiteten. Kristendomen var ein viktig del av mellomalderen, og den er viktig i forteljinga her også. Prester og kyrkjer nemndas ofte, og det er mykje snakk om jomfru Maria og heidenskap i dialogen. Hovudkonflikten i handlinga er at foreldra til Kristin vil at ho skal gifte seg med Simon, men at Kristin eigentleg er forelska i Erlend. Boka handlar dermed om enkeltmennesket si evne til å velje kva det vil sjølv i mellomalderen, og meir spesifikt om kvinners plass i mellomaldersamfunnet (og vidare i bokas eigen samtid i 1920). Dette kan me tydeleg sjå i byrjinga på forteljinga, der ein av «svennene» til Lavrans seier at han skal gjera Kristin til sin kone etter ho blir voksen. Dette vil ikkje Kristin, og som svar så seie Lavrans at han hadde nekta denne mannen frå å gifte seg med ho. Dette etablerer tydeleg for lesaren at det ikkje er Kristin som bestemmer kven ho skal gifte seg med, men faren hennar.
Det er desse verkemidla som gjer Kristin Lavransdatter ein autentisk kjensle. Boka er som ein tidsmaskin tilbake til 1300-talet. Den historiske verda kan verke like ukjend for ein lesar som science fiction, men som lesaren kjem til å oppdage seinare i romanen, er tematikken like relevant i 2025, som i 1920 og i 1306.
Kjelder:
Saxton, Laura. «A True Story: Defining Accuracy and Authenticity in Historical Fiction». Rethinking History 24 (2), 2020: 127–44. https://doi.org/10.1080/13642529.2020.1727189.
Undset, Sigrid. Kransen. I Kristin Lavransdatter, 7. utgåve. Aschehoug, [1920] 2023, 8-334.

Veldig kult å trekke frem autensitet og nøyaktighet! Det er ofte noe jeg ofte tenker på når jeg ser krigsfilmer. For mange i publikum, for eksempel når nordmenn skal se en norsk krigsfilm, er det viktigere at fortellingen føles riktig ut enn at den gjenspeiler datidens virkelighet på en presis måte. Som du sier, må teksten gi deg følelsen av at den stemmer, ikke nødvendigvis faktisk stemme. Godt skrevet, Eirik.
Takk for hyggeleg kommentar! Eg er samd i det du seier om autentisitet i norske krigsfilmar. Det er ytst sjeldan at desse filmane stiller seg kritiske til fortida på nokon måte.