Kvinners fridom over eige liv – i 1850 og i dag

(Regjeringa, 2021).

Fridom over eige liv – er ikkje det sjølvsagd, då? Ei venninne som driv med inkluderingsarbeid, fortel meg litt om erfaringar ho har hatt med negativ sosial kontroll blant ungdommane ho jobbar med. Eg googlar litt og blir overraska over å sjå at dette er eit såpass stort problem at regjeringa faktisk har arbeida fram ein integreringsstrategi som skal sikre kvinner, men òg menn, fridom over eige liv. Eg søker videre og finn FNs berekraftsmål nummer 5, som handlar om likestilling mellom kjønna. Her står det blant anna at målet for arbeidet er «ei rettferdig fordeling av makt, innflytelse og ressursar», og at kvinner skal kunne «leve eit fritt liv utan vald og diskriminering». Så høyrer eg på nyhenda at Nobels fredspris 2023 går til den iranske kvinna Narges Mohammadi, som sit fengsla i Iran fordi ho har arbeidd for nettopp kvinners fridom over eige liv. Etter revolusjonen i 1979 har Iran blant anna innført strenge regler om å dekke til håret, og dei har eit «moralpoliti» som passar på at innbyggarane i landet følger reglane – og sørger for harde straffer for dei som bryt reglane. Eg blar i Amtmandens Døttre igjen og skjønner at ei 170 år gammal bok framleis kan vere aktuell.

I Amtmandens Døttre skriv nemleg Camilla Collett nettopp om kvinners fridom over eige liv, nærare bestemt fridomen til å gifte seg med den ein elskar. Vi møter amtmannsdottera Sofie og huslærar Georg Cold som elskar einannan og gjerne vil gifte seg. Men det går ikkje slik dei ønsker, og Sofie ender til slutt opp med å gifte seg med ein eldre prost som ho ikkje elskar. Prosten er ein snill ektefelle som kan gi ho eit trygt liv. Men ekteskapet blir kjærleikslaust, og med det lid ho same skjebne som mora og systrene, som òg lev i arrangerte og kjærleikslause ekteskap.

Med skildringa av Sofie viser Camilla Collett tydeleg kva ho meiner om situasjonen til kvinner i samtida si. Første gong vi møter Sofie, skildrast ho som eit nysgjerrig, aktivt og lykkeleg barn. Ho trivst best ute, og mora seier:

«Det er nesten en umulighet […] å få Sofie til å sitte stille inne med et pent arbeide. Kan hun derimot ligge i haven og grave og plante i jorden, hjelpe budeiene med å fore dyrene, så er hun fornøiet.»

Men etter kvart som ho veks til, snur dette og ho utviklar seg til ei desillusjonert og resignert kvinne, nett som fru Ramm og dei to systrene sine. Faren, herr Ramm, er tydeleg på kva han meiner er det viktigaste i barneoppdraginga på den tida, nemleg å oppdra døtrene til «… pene, dannede piker …». Rett nok tviler han litt på Sofie: «Min Sofie er litt vill; men det gir seg nok». Og det gjer det. Sofie blir gift og roer seg ned, nett slik «pene, dannede piker» skal. Med dette skildrar Camilla Collett vaksenlivet og ekteskapet til kvinnene på midten av 1800-talet som ufritt, destruktivt og avgrensande. Heilt i tråd med realismens kyniske tankar om at ein ikkje kan komme seg unna skjebnen, same kva ein gjer. Sjølv om Sofie prøver å gå nye veger, klarar ho det ikkje, og det går med ho som med alle dei andre kvinnene i denne historia.

Da boka kom ut for ca. 170 år sidan i 1854–55, gjekk det føre seg ein viktig prosess for å betre situasjonen til kvinnene – og faktisk tok det til å skje ting også. Blant anna blei ugifte kvinner over 25 år myndige i 1863. Men gifte kvinner var det verre med. Dei måtte vente heilt fram til slutten av 1800-talet før dei blei myndige. Det betydde at ektemannen bestemte over både kona og pengane hennar, og det var vanskeleg for kvinnene å bryte ut av dårlege ekteskap og klare seg sjølv. Ugifte kvinner var ei økonomisk påkjenning for foreldra sine på den tida, og det viktigaste for familien var å sørge for å få dei «godt gift». Ekteskapet på 1800-talet hadde med dette eit hovudmål: å sikre ein god forsørgar for kvinna. Og då kunne dei ikkje gifte seg med kven som helst. Arrangerte ekteskap var vanlege, og med historia om Sofie og søstrene hennar gir Camilla Collett oss eit godt innblikk i korleis desse prosessane verka for dei kvinnene som stod midt oppi dei.

I dag skjer det mykje positivt, og mange kvinner har stor fridom jamført med kvinner på 1850-talet. I 2023 har vi til dømes sett at Spania har fått ei ny likestillingslov som sikrar kvinnerettar på fleire områder. Men andre steder skjer det negative ting. Tidlegare i år kunne vi høyre at 14 statar i USA har vedtatt nye abortlover. Dei nye lovene gjer det vanskeleg for mange amerikanske kvinner å søke lovleg og trygg helsehjelp om dei skulle bli uønska gravide. Tildelinga av årets Nobels fredspris til Narjas Mohammadi set søkelyset på den vanskelege situasjonen som kvinner lever under i Ayatollah Khomeinis Iran. Med desse hendingane i tankane står Amtmandens Døttre fram som ei skremmande god påminning om at vi aldri må ta likestilling og fridom over eige liv for gitt – og at situasjonen fort kan snu, om vi ikkje passar på.

KJELDER

Collett, Camilla. (2013). Amtmannens døtre. Gyldendal.

FN-sambandet: Likestilling mellom kjønna i FNs berekraftsmål. Henta 18. oktober 2023 frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/likestilling-mellom-kjoennene?lang=nno-NO

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (2021, 16. juni). Retten til å leve et fritt liv. https://www.imdi.no/om-integrering-i-norge/indikatorer-for-integrering/retten-til-a-leve-et-fritt-liv/

Kvindesland, Eirik: Irans historie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. oktober 2023 frå https://snl.no/Irans_historie

Lønnå, Elisabeth: Kvinners rettigheter i Norge fra 1814 til 1913 i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. oktober 2023 frå https://snl.no/Kvinners_rettigheter_i_Norge_fra_1814_til_1913

Regjeringa. (2021). Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021-2024) [Bilde]. Regjeringa. Henta 18. oktober 2023 frå

https://www.regjeringen.no/contentassets/bf09aa64a96c4d5e8a69abd4c723f8e9/no/pdfs/f-4464-frihet-fra-negativ-sosial-kontroll-og-aeres.pdf

Bli med i samtalen

2 kommentarer

  1. Interessant å lese! Det du sier her setter sterkt lys på hvordan situasjonen rundt kvinners rettigheter i dagens samfunn, og gir et innblikk over de nylige hendelsene rundt dette temaet.

    1. Takk for hyggelig kommentar! Så fint å høre at du syntes det var interessant å lese.

Legg igjen en kommentar